søndag, august 21, 2005

Utstillingen


utstilling.1
Originally uploaded by FuchsiaBergen.


Utstillingen trekte mykje folk, særleg sundagen. Det vert rekna med at opp mot 500 menneske var innom, og mange gav seg svært god tid.
Praktfulle eksemplar av kring 300 ulike fuchsiasortar, artar og hybridar, måtte berre bli eit imponerande skue.
At veret og var heilt på arrangørane si side, var mest for mykje å vona på.
Alle som var lure nok til å stikka innom Oasen Hageland-Åsane denne helga, fekk seg eit minne for livet, og byrjar nok med ein gong å sjå fram til neste års utstilling.
Publikum var svært imponerte over kva arrangørane hadde fått til, over variasjonen i sortar og over den høge kvaliteten på utstillingsplantene.
Utstillingsstaden var og svært godt eigna til dette formålet.

Ingen kommentarer: