tirsdag, oktober 12, 2010

"Slekt - og slikt"




Slekt og familie interesserar meg - anten det gjeld i menneske- eller i planteverda.Fuchsia høyrer til ein interessant familie og har ei svært spennande slekt.
Har forresten fuchsia nære familiemedlemmer i Norge?
Og kva ligg det eigentleg i dei botaniske uttrykka familie, slekt, seksjon, art, sort, hybrid etc.?
Dei seinare åra har talet på fuchsia-artar både minka og auka, så rart det enn kan høyrast ut.Korleis kan dette
henga saman?
Fuchsia-slekta har medlemmer frå 13 cm til 13 m over bakken.Enkelte av desse har hatt og har praktisk nytte i fleire eksotiske kulturar.
Eg vil trekkja fram eksempel på dette frå eit område som ligg så langt ein kan koma frå våre heimetrakter,der eg har vore så heldig å få personleg kontakt med fastbuande.
Dette og mykje meir har eg tenkt å sveipa innom.
Føredraget er framleis under arbeid og i stadig endring.
I tillegg har eg ca 200, etter mi meining, svært interessante foto å velja mellom, og valet er vanskeleg, for: Berre det beste er godt nok for Fuchsia Bergen!
Eg gledar meg til å sjå dykk att, kjære vener!
Beste helsing Bjarne
Sett av tid og kom til Fana kulturhus, torsdag 21. oktober kl 19.00.
Ta gjerne med en venn eller nabo. Møte er i samarbeid med folkeakademiet og er åpent for alle.

Ingen kommentarer: