søndag, august 14, 2011

Snipp-snapp-snute...




Så er eventyret over for denne gang. Med mange gode hjelpere i ryggen, kom vi i mål i år også. Vi hadde værgudene med oss når vi lesset av og på planter, ellers gjorde nok det forferdelige regnværet søndag, sitt til at besøket denne dagen ble heller labert. Lørdagen der i mot var det riktig folksomt og fin stemning.
Jeg synes Bjarne Thune har sammenfattet det på en strålende måte, og jeg har fått lov til å sette inn innlegget han har skrevet til Bulletinen her i bloggen vår.
God fornøyelse :

Litt nyforelska – og litt som å ha vore ein svipptur innom paradisets hage.
Ein kombinasjon av desse to kjenslene fylte meg etter besøket på utstillingen til Fuchsia Bergen, tradisjonen tru arrangert i Sotra Hagesenter. Årets datoar var 6. og 7. august, same helga som både eitt og to år attende.
Publikum kunne gleda seg over 165, verkeleg utvalde og handplukka, prakteksemplar. Det var så god plass at vi kunne skilja ut den enkelte plante, noko som kan vera litt kritisk om ein har noko å skjula. Men, med berre gode og velfriserte eksemplar, forsterka det opplevinga og gjorde det ytterst vanskeleg å lausriva seg. I tillegg er tydelegvis nokon svært så dyktige til å gje plantene godt naboskap, slik at fargane framhevar kvarandre og plantene går inn i ein harmonisk heilskap.
Personleg er eg alltid på utkikk etter nye kjennskap, og eg vart ikkje skuffa denne gongen heller. ”Arend Moerman” med sine lange, elegante blomster i lekraste aubergine, var eit blikkfang som hadde nærmast magnetisk verknad på meg. Eigaren såg nok det lengtande blikket mitt, for tenk, ho kneip av ein topp som ho var venleg å seia at ho burde ha fjerna uansett, for symmetrien si skuld. Tusen takk! Ja, for eg takkar for stiklingar og ville aldri kunna tenkja meg å gå rundt med lange fingrar på ei utstilling.
Elles vart eg òg litt småforelska i ”Blue Sara” og Annie M. G. Schmidt”, nye for meg, men kjende og kjære for eigarane.
Det var inga lett oppgåve for ein publikumar å stemma på favoritt. Rett og slett urettferdig er det å skulla velja ut ei plante mellom dei alle saman. Eg såg mest ikkje anna enn favorittar, men så er eg kanskje mellom dei som lettast let seg begeistra når eg får auga på ein velutvikla, jamnvaksen fuchsia i fullt flor. Ja, for kva kan vel vera vakrare? Årets toppfavoritt vart ”Charlie Dimmock” med ”Bella Rosella” på andreplass, tett fylgd av ein ny ”Charlie Dimmock”. Visst var dei flotte med si imponerande, storblomstra prakt. Men diverre fekk eg tidleg auga på han ”Arend”, sidan såg eg visst ikkje skikkeleg på noko anna.
Dei første eg snakka med på utstillingen var to humørfylte og kunnskapsrike fuchsia-entusiastar frå høvesvis Horten og Sarpsborg. Eg fekk med meg at dei utan merkbar tvil raskt kunne setja namn på ei praktfull plante som den lett usikre, men svært takksame eigaren hadde merka med NN og namnet sitt. Er ein sikker i si sak, er det ingen grunn til å teia med det!
Kaffi og surmjølkslappar, eller sveler, som dei heiter litt lenger nordover langs kysten, er svært miljøskapande. Den angen kan få folk til å gå etter nasen lange vegar. Slik også her. Det gjorde inderleg godt etter mange timar med intense synsinntrykk og sterke kjensler.
Den gode fuchsia-drøsen summa under amplane og mellom borda. Råd vart utveksla og stiklingar i hopetal skifta eigar. Sjølv har eg absolutt inntaksstopp. Familien har i årevis måtta gå sidelengs i trapper og på hageganger i fuchsiasesongen. Men det er lov å ombestemma seg, så får ein heller prøva å gøyma dei nyinnkjøpte til det ser ut som om dei ”alltid” har stått der. På grunn av eit trangbudd tilvære og dermed, bokstavleg tala, einsidig vekst, er ikkje plantene mine eigna for utstilling. Skal ei plante få symmetri og bli harmonisk, må ho snuast litt og litt, så lyset får koma til på alle kantar. Såpass veit eg, og eg beundrar dei som verkeleg klarar gjennomføra slik handtering, særleg når det er snakk om fleire hundre eksemplar.
Så vert det ikkje noko reiseliv heller på ei tid. Vesle ”Arend” som står i kuvøse under lysrøra på kjøkkenet, torer iallfall ikkje eg reisa frå med det første.
Atter ein gong vil eg få gratulera Fuchsia Bergen med ei praktfull utstilling. Det ligg mykje arbeid bak, men det må vera svært inspirerande når resultatet blir så bra, og både utstillarar og arrangørar, som oftast er same personane, fortener all ros!
Eg gledar meg alt til neste års utstilling.
Skrivar og takksam publikumar
Bjarne Thune.

Bilder fra Fuchsiautstilling 2011 Foto: Bjarne Thune

Bilder fra Fuchsiautstilling 2011 Foto: Bjarne Thune




Det ligger også noen bilder fra utstillingen HER

Ingen kommentarer: