torsdag, april 05, 2012

"Er det nokon andre der ute?"

Eg undrar alltid på så mangt og så mykje, og di meir eg finn ut av, di meir oppdagar eg at der er til å undra på.
Men slik har vi det vel alle saman når vi tenkjer skikkeleg etter?

Når vi har gått litt djupare inn i noko, er det alltid veldig hyggeleg å ha nokon å fertelja det til.
For kanskje andre òg kan tykkja det er litt interessant, eller i heldigaste fall kan koma men nyttige kommentarar og tilleggsopplysingar?

Denne gongen har eg samla meg om eitt fuchsia-emne og har  sett saman eit program med tittelen:
Er det nokon andre der ute?
Mellom mange slides finn vi òg desse motiva:



Kva i alle dagar kan vel dei ha med kvarandre å gjera?
Kom på møtet, så skal vi finna ut av dette og mykje anna.
Eg gledar meg iallfall til å fortelja - og det kan lett bli eit langt frikvarter!

Beste helsing Bjarne.

Vi håper riktig mange av dere tar turen til Fana kulturhus
Torsdag 12. april kl. 19.00

Hilsen styre i Fuchsia Bergen v/Grete