10 år med «Fuchsia Bergen»

Foredrag i forbindelse med Fuchsia Bergens 10-års jubileum.

Det strøymer ned mildt sommarregn etter mange dagar med samanhengande middelhavstemperatur og strålande sol.
Fuchsiaene mine står atter saftspente og friske etter ein periode med hengande bladverk og slappe, varmetrøytte toppar. Dei er som skapte for fuktig vestlandsver og prisar den forfriskande dusjen frå oppi der ein stad.
Eg har hatt Fuchsia i over tretti år, til dels same plantene.
Dei sluttar aldri å fascinera meg.

For 10 år sidan vart det eit tidsskilje:
Fuchsia Bergen tok form, og det var Anna som sette det heile i gang, Anna Nordahl, den vesle, humørfylte energibunten med den uimotståelege tromsøaksenten.
Ho fekk den lysande ideen å sjekka kor mange i bergensområdet som var medlemmer i Norsk Fuchsia Selskap og tok så kontakt med oss.
Ein av dei første ho fekk tak i var den landskjende botanikaren Knut Fægri som var umiddelbart positiv, og som også skaffa gratis møtelokale på Botanisk institutt i Realfagbygget ved Universitetet i Bergen.

Anna ville gjerne ha minst mogeleg byråkrati. Ho stilte sjølv opp som kontaktperson for Fuchsia Bergen, og fekk med seg Gudrun og Bjarne som hjelparar.
Før vi heilt visste ordet av var vi ein glad flokk Fuchsia-vener som samlast til møte etter oppsett plan og som gjorde vårt beste for å auka interessa og spreia kunnskap om vår felles store hobby og til dels lidenskap:
Dyrking av Fuchsia.
Det vart stiklingsbyte og forsøk på identifisering av ukjende planter.
Vi heldt foredrag internt for medlemmene og eksternt kring i hagelaga, hadde demonstrasjonar av trimming, oppstamming og formeiring, fortalde laust og fast om historikk, overvintring, skadekryp etc. etc.
Og så byrja vi tradisjonen med ”årets vakraste hending”, den årlege Fuchsia-utstillingen i august.

Alt medlemmene hadde, eller kunne få tak i, av Fuchsia-litteratur vart mobilisert, til hjelp for sikker identifikasjon og for å koma djupare i det spennande emnet Fuchsia.
Ja, for det finst faktisk mengevis av spesiallitteratur om Fuchsia, om ikkje på norsk, så iallfall på andre for oss forståelege, europeiske språk, først og fremst på engelsk, men også på tysk, hollandsk og fransk.
Det er utruleg kva ein forstår når ein legg viljen til og har litt latin i bakhand.
Etterkvart er det og tallause internettsider med Fuchsia som emne, nær sagt på alle tungemål.

Kva er det då som har gjort meg til ein svoren Fuchsia Bergen-tilhengar?
Først og fremst er det nok det herleg unyttige med å samlast om eit slikt emne som freistar meg.
Sjølv er eg van med å delta på faglege og administrative møte i samband med jobben og alt det den omfattar.

Slike møte er eigentleg berre eit framhald av jobben, ein er i same tankebanene heile tida, saman med personar med same yrkesbakgrunn og blir meir eller mindre hjernevaska til å tru at det er dette heile tilværet går ut på og det einaste som betyr noko.
Då er det godt for sjela å kunna treffa andre med svært ulik yrkesbakgrunn og sivil status, som for øvrig ingen spør etter, men som har ei stor felles plattform og interesse: Fuchsia.
Og då er det vel slett ikkje så unyttig likevel?

Høyrest dette lovleg smalt ut? For enkelte kan det gjerne gjera det.
Faktisk er det lov å snakka om andre ting og på møta, og Fuchsia-vener er gjerne generelt botanisk interesserte, utan at dette utartar vitenskapeleg sett.
Det sosiale er alltid viktig, og både møta og dei mange hagebesøka i Fuchsia-sesongan er i høgste grad sosiale.
Ein finn alltid tvillingsjeler som ein knyter seg litt ekstra til, og som ein ser særleg fram til å treffa att i slike samenheng og som ein pratar ekstra lett med.

Vi lærde utruleg mykje av å ha med oss professor Knut Fægri, og saknar han som eit særs aktivt medlem av Fuchsia Bergen. Han var med oss på dei aller fleste møta til han gjekk bort i svært høg alder for nokre år sidan.
Slik er det alltid.
Medlemmer kjem og medlemmer går, av ulike årsaker.
Vi saknar sårt positive, engasjerte medlemmer som brått døyr frå oss, som flyttar på seg eller som av ulike årsaker berre må omprioritera fritida si.

Anna laut og kasta inn handkledet etter ein del år som ”bjøllesau”.
Etter henne har andre aktive personar som Merion Sebak og Marit Nygård fungert som ledar / kontaktperson, med god hjelp av alle dei andre unemnde, men ikkje gløymde.
Merion fekk organisert Fuchsia Bergen på profesjonelt vis.
Medlemstalet var vorte så stort av det krov ein sterkare struktur. Med sin bakgrunn frå Europas kanskje fremste hageland, England, kunne Merion tilføra oss mange spennande impulsar.

I jubileumsåret er det Bjørg Sookermany som held i rorpinnen.
Alle vi andre Fuchsia Bergen-medlemmene ynskjer henne lukka til med dette
og vil gjerne støtta opp om henne og aktivitetane på beste måte og etter beste evne.
Møtestader og kontaktpersonar / ledarar skifter, men den store interessa for Fuchsia held seg konstant og sterk. Rart er vel ikkje det.
Knapt finst det vel ei planteslekt som set meir pris på vestlandsveret og som gjev oss slik takksemd og glede for vår innsats i form av frodig vekst og rik og variert blomstring.
Og så likar ikkje dei hata iberiasniglane Fuchsia, endå eit argument for å bli Fuchsia-entusiast og -samlar, og medlem av Fuchsia Bergen.

Bjarne Thune